I Sogn er det og mykje å sjå og oppleve. Her finn du verdas nordlegaste vingard, UNESCO lista attraksjonar som Nærøyfjorden og Urnes Stavkyrkje, dei høgste fjella i Norge, verdas lengste og djupaste fjord, verdast lengste biltunnel og mykje anna som er høgt, unikt og spektakulært.
Men underet i dei små tinga er kanskje ekstra tydeleg når dei får ein slik storslagen bakgrunn. Som å kunne drikke frå ein foss, sjå dei nyfødde lamma springe over markene, nyte lokal cider og eit gourmetmåltid basert på lokale ferske ingrediensar, padle på ein blikkstille fjord, fange ein aure i eit stille vatn og få den steikt like etterpå, gå ein roleg tur i irrgrønt landskap der fuglekvitter og bekkebrus er det einaste du høyrer. Det å vakne ein tidleg morgon og kikke ut på fjorden frå vindauget på rommet ditt i hotellet som er drive av 9. generasjon, og få servert frukosten din i hagen ved fjorden. Bli med på vandring med ei utsikt som tek pusten frå deg, eller sykle blant eple- og morelltre og strekke seg i sola når du tek ein lang pikniklunsj med lekker, lokal tapas. Følelsen av at du har all verdas tid, og har heile verda for dine føter samtidig. Kanskje blir du med på ei yogaøkt ute i naturen med fjord og fjell framfor deg, og får ein god massasje etter vandreturen. Eller topptur på ski til fjelltoppar du berre har høyrt om (eller sett på Instagram). Glede deg over ny kunnskap når geologen du har med på turen fortel om korleis alt rundt deg har blitt forma slik det er, eller når historikaren fortel om daglegliv og krig i gamle tider. Alt dette får du også i Sogn.
I ytre Sogn kan ein oppleve vill og vakker kystnatur, nydeleg vær eller vanvittige stormar. Fiske etter stortorsk og lyr, undervannsjakt og sanking av havets delikatesser med dykking og fridykking. Besøk på fiskeoppdrett og overnatting på historiske hotell eller på rorbuer. Ein kan og ta toppturar som ikkje er for krevjande og utsikta står ikkje tilbake for det du opplever på ein topp i Jotunheimen.
Sogn er eit distrikt i Vestland fylke som dekker områda rundt Sognefjorden, Sogn er delt inn i Ytre og indre Sogn. Det opprinnelege namnet på området var Sygnafylke, som var eit eget fylke under Gulatinget. Det omfattar tolv komunar med til saman 37 552 innbyggjarar. Sogndalsfjøra, Øvre Årdal og Høyanger er dei største tettstadene.
Sogn var som dei fleste fylka i sagatida opprinneleg eit småkongedømme. Harald Hårfagre skal ha arva kongeriket etter sin far før han gjekk i gang med samlinga av Norge.
Sygnafylke (Sogn) var eit av fylka under Gulatingsloven i middelalderen. Seinere vart området eit fogderi underlagt Bergenhus stiftamt, som vart delt i to (indre og ytre Sogn) i 1630.
Fogderia (Futedøma)- er nok mest kjende i Sogn og Fjordane fordi dei var opphavet til omgrepet «fogderistrid». I det meste av dansketida fylgde grensene for futedøma nemleg den naturlege delinga i fjordlandskapet: Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.
Mange segner om futedrap
Fleire stader i fylket finst segner om drap på forhatte futar, særleg etter at dei kom under kongens kommando. Då auka skattekrava ofte til det tidoble i høve til kva lensherrane på Bergenhus hadde kravd inn. Ei av desse segnene knyter seg til «Futespranget» over Helvetesfossen i Årøyelva i Sogndal. Etter at illsinte bønder hadde kjeppjaga futen frå Hafslo, fann han ikkje anna råd enn å freiste å hoppe over det smalaste punktet i Helvetesfossen i Årøyelva, men fall i fossen og drukna.
Slaget ved Fimreite
I 1184 stod eitt av dei blodigaste slaga i norsk historie, over kongemakta i Norge. Kong Magnus den 5. og hans 2000 menn fall i slaget mot Kong Sverre som rådde over birkebeinarane. Kong Olav den 5. avdekka minnesteinen på Nornes til minne om slaget.
Foto: Frode Tufte, Njardarheim